Sesongtilbud voksen/barn kr 2000 før nyttår!

(se sesongtilbud)





Aktiven Skiheis AS

SKITREKKET FOR HELE FAMILIEN!
Skitrekket for heile familien med lette nedfartsløyper.Kun 1times kjøring fra Bergen .Ovanfor trekket er det flott turterreng, med preparerte løyper, mot Steinskvandalen.


AKTIVEN HAR TILBUDET FOR HELE FAMILIEN


• 2 Skitrekk (800m) med 4 nedfartsøyper
• 1 Skitrekk (200m) med 3 nedfartsløyper
• 1 Barnetrekk (120m) med 1 nedfartsløype
• Skiutleige
• Afterski ( Lavo )
• Varmestue
• Gode parkeringsmuligheter i anlegget/ nærområdet
• Plass til ca 80biler oppe ved anlegget
AKTUELT

Legg ned Aktiven

Kolbjørn Steine kjenner seg motarbeidd av Kvam herad. No vurderer han å leggja ned Aktiven Skiheis AS.

Lars Arvid Oma

oma@hf.no

Nok er nok. Dersom det ikkje vert ei løysing på frådelinga me har søkt om, vert det ikkje noko heisdrift i vinter. Då legg eg ned og avviklar drifta, seier Steine. Rådmannen meiner kommunen har strekt seg mykje lenger enn normalt.

Ikkje lenge etter intervjuet kom meldinga fra setjefylkesmannen som Steine frykta: Han får ikkje løyve til å dela frå og selja nye husvære. Kommunen er for mykje på kant med eigne planar

Fleire år med underskot

Etter to år med underskot på grunn av dårlege vintersesongar, og eit tredje år med låg inntening, er verksemda ifølgje eigaren avhengig av å få i gang bygging av fire nye fritidsleilegheiter ved Aktiven for å kunna tena pengar og sikra vidare drift.

Får eg byggja desse fritidsleilegheitene er eg berga. Desse kan eg selja og skapa økonomisk spelerom for Aktiven og velvilje i banken, forklarar han.

Ifølgje Steine har Kvam herad godkjent frådelinga og byggjesøknaden til dei fire leilegheitene, men Fylkesmannen har komme med motsegn.

Planen var å starta bygginga i haust. Steine hadde allereie sal på to av leilegheitene. Men no er det stopp.

Meir å gjera

Etter mi meining er ikkje saka ferdig handsama. Eg har hatt fleire møte med ordførar og sakshandsamar, men det fører ikkje fram, fortel Steine.

Han er overtydd om at kommunen kan gjera meir i saka. At ein får nei frå Fylkesmannen er ikkje noko nytt. Men det må vera mogleg for kommunen å gjera noko med motsegna for å sikra vekst og utvikling på Kvamskogen, seier Steine.

Han har venta på ei løysing og tykkjer det går seint.

Krav om utpanting

I staden får eg ei rekning på 59.419 kroner frå Kvam herad, for tenester som er null verdt for meg slik saka ligg no. I tillegg har kommunen nekta å forlengja betalingsfristen og sendt kravet til politiet for utpanting. Kvifor kan ikkje kommunen venta med eit slikt krav til saka er ferdig handsama og godkjend? spør ein frustrert Aktiven-eigar.

Vil betala

I eit brev til kommunen skriv Skeie at han kjem til å betala kravet. Då ventar han at kommunen måler opp tomta til dei fire leilegheitene og sikrar tinglysing av eigedomane.

Det kan kommunen få til, sidan det er gjort tidlegare med dei seks leilegheitene som allereie er bygde og selde, skriv han i brevet.

Kommunen bør først og fremst vera tilretteleggjar og støttespelar. Det må vera mogleg å koma fram til ei løysing med Fylkesmannen om motsegna. Eg oppfattar kommunen som negativ, som hindrar meg i å tena pengar som kan sikra vidare drift. Dette handlar først og fremst om vilje. Det einaste eg ber om er litt draghjelp, seier Steine.

Dårlege vintrar

Aktiven har dei siste to-tre åra hatt ekstra utfordringar på grunn den dårlege vinteren i 2014.

Me hadde ope berre éin dag, og gjekk med 365.000 kroner i underskot, fortel han.

Den elendige vinteren gjorde at Aktiven betalte tilbake årskorta, noko som forplanta seg til driftsåret 2015. Då var det rikeleg med snø, men kundane fekk då nye heiskort gratis på grunn av tilhøva vinteren før. Dette resulterte i eit nytt underskot, på om lag 350.000 kroner.

Heller ikkje vinteren 2016 vart særleg god for skitrekka.

Me opna heisane 15. februar og hadde berre ope 24 dagar totalt, og selde få årskort. Heldigvis hadde me bra inntekt på lavvoen, fortel Steine.

Planar for sommardrift

Midtvegs i år hadde drifta eit overskot på 50.000 kroner, men utan nye inntekter vil drifta gå i minus på nytt.

Eg må ha inn minimum 250.000 kroner for å gå i ballanse ved årsskiftet, forklarar han.

I 2013 hadde Aktiven ei inntekt på 2,7 millionar kroner.

Det manglar ikkje planar for framtida. Ifølgje Steine kan ei eventuell sommardrift innehalda opplevingsturisme med aktivitetar som zipline, klatrepark, minigolf, bobcart og løyper for trening, sykkel og riding.

Kan leggja ned utan konkurs

Eg er 70 år og kan avvikla når som helst, utan å måtta selja eller gå konkurs. Men det vil vera galskap for Kvamskogen og hyttefolket her oppe. Det eg har lagt ned av arbeidstimar og energi her er til beste for Kvamskogen, ikkje for meg sjølv. Eg er for gammal til å halda på med dette, særleg når eg vert motarbeidd, seier han. Sonen står klar til å overta, men då må det ifølgje Steine vera rom for vidareutvikling av Aktiven.

Kommuneleiinga trur visst eg driv for å tena pengar, men det er ikkje snakk om å putte raske pengar i eiga lomme. Me kjempar først og fremst for vidare drift. Alt som tidlegare er oppnådd økonomisk er pløgd inn att i verksemda, understrekar han.

Omfattande anlegg

Kanskje politikarar og byråkratar burde ta seg ein tur for å sjå kva me har fått til her? spør Steine.

Forutan tre skiheisar har Aktiven varmestove med kiosk, administrasjonshytte med lager, garasje, snøanlegg med 12 snøkanonar, skiutleige og flunkande nytt datasystem.

I tillegg er det nyleg bygd seks fritidsleilegheiter, som alle er selde. I underetasjen er det mellom anna nytt toalett- og dusjanlegg for begge kjønn, opphaldsrom, og lager. Noko av arbeidet står att. Toaletta og dusjanlegga er ferdige og er allereie mykje brukt av mange på Kvamskogen i sesongen, fortel Steine.

Starta på nytt

Steine starta oppbygginga av Aktiven på siste halvdel av 80-talet. Men den alvorlege bankkrisa mot slutten av tiåret skapte store problem for mange verksemder. Slik var det også med Aktiven. I 1992/1993 gjekk han til skifteretten med drifta.Gjensidige forsikring kjøpte Aktiven og dreiv det ein kort periode, før det vart selt vidare.

Etter dette har fleire aktørar vore inne i bildet.

Mot slutten av 90-talet vart eg oppmoda av banken og Kvam herad til å få Aktiven i gang igjen. Eg var skeptisk, og stilte krav om å få kjøpa haugen på nedsida av Aktiven med tanke på å byggja 25-30 hytter, fortel han.

Ifølgje Steine vart det sagt at det ikkje skulle verta noko problem med godkjenning.

Tomta er ferdig regulert og alt av infrastruktur er på plass. Men også dette prosjektet stranda.

Eg har mange hjelparar, men kommunen hjelper meg ikkje, seier Steine.


Svar til Rådmannen ang uttalelsen i HF 7okt 2016 :

Slik eg fårstår rådmannen har dei behandla saka raskt, og det er kanskje rett, men saka vart sendt settesfylkesmannen den 16.03.2016 og kom tilbake 15.09.2016 med 6 tettskrevne sider, som eg lite fårstår nåko av, men eg fårstår at settesfylkjesmannen skriv at ulempene er større enn fordelene med godkjenning. Dette tyder eg med, at de ser heller at vi legger ned driften,enn at vi får godkjent våre planer/ leiligheter. Viss rådmann meiner at de har gjort alt de kan for Aktiven! Då vil eg oppfordra til synfaring så snart som mulig,planutvalg, rådmann,
ordførar , steine og lid grunneigarlag & gjerne fylkesmann vert invitert. Kolbjørn Steine kjem til å presentera planer & utvikling og vidare drift ved Aktiven Skiheis AS


LEIE HYTTE :Kun 10min fra Aktiven Skiheis AS.
70kvm , med 6 sengeplasser, fiber osv.

Tenker først på utleie i høstferien. Blir muligheter for resten av året og.
Ring ved interesse : 56551741, eller mail på :
tsteine@gmail.com


FINN OSS PÅ FACEBOOK


Åpningstider
Lørdag - søndag:
Kl. 10.00 - 16.00

Åpent hver dag i skuleferien og i påsken.